Er du bioingeniør med interesse for blodgivning? Sjå her!

Arbetsbeskrivning

ER DU BIOINGENIØR MED INTERESSE FOR BLODGIVNING? SJÅ HER!
Immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Fonna HF

BESKRIVELSE AV ARBEIDSGIVER
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook

ARBETSPLATS: Haugesund Sykehus

STILLINGSBESKRIVELSE
Dette er ein spennande stilling for deg som liker å omgås med blodgivarar og blodgivarrelaterte oppgåver. Som fagansvarleg ingeniør skal ein halde funksjonsleiar, overlege og kvalitetsleder orientert om problem og forhold innanfor aktuelt fagområde. Ein skal halde seg oppdatert på gjeldene fagområde og bidra positivt ut mot blodgivarane våre.
Avdelinga er akkreditert etter standard NS-EN ISO 15189:2012. Vi søkjer etter ein engasjert og motivert medarbeidar som vil trivast i fagområdet og miljøet på arbeidsplassen.
Immunologi og transfusjonsmedisin flytta inn i nye flotte lokaler ved Haugesund sjukehus hausten 2021. Vi er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin ved Klinikk for medisinske tenester og beredskap i Helse Fonna. Ved intern tilsetjing kan det bli ledig anna fast stilling innan samme eining. Oppgi i søknaden dersom du ønsker å bli vurdert i den samanheng. Intervju vert gjennomført fortløpande. Arbeidstid er dagtid, noko helgejobbing vil forekomme.

ARBEIDSOPPGÅVER
.Ansvarleg for at det finnes nødvendige prosedyrar og opplæringsplanar innan eige fagområde
.Følge gjeldende retningslinjer og prosedyrer i forbindelse med kvalitetsikring på laboratoriet.
.Opplæring og rettleiing av kollegaer, nytilsette og studentar
.Delta og bidra på kurs, internundervisning og fagmøter
.Være med i utviklingen av faget
.Delta i avdelingens daglige rutiner ved behov

KVALIFIKASJONAR
.Bioingeniør med norsk autorisasjon
.Kompetanse og erfaring innan immunologi og transfusjonsmedisin vil bli vektlagt
.Kompetanse og erfaring innan tapping av blodgivere vil bli vektlagt
.Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
.Personlege eigenskapar vil bli vektlagd

PERSONLEGE EIGENSKAPAR
Hos oss er det viktig at du:
.trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
.har motivasjon og interesse for fagfeltet
.bidreg positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
.har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og nøyaktig
.må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
.tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel

VI TILBYR
.Ein spennande og utfordrande jobb
.Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø i heilt nytt laboratorium
.Høgt fagleg nivå
.Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

MANGFALDSERKLÆRING
Helse Fonna HF ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna HF ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

SÖK VIA: https://5196.webcruiter.no/Main2/Recruit/Public/4775216950?language=nn&link_source_id=500

KONTAKT: anita.larsen@helse-fonna.no +47 52732280

Sammanfattning

  • Arbetsplats: Helse Fonna HF
  • 1 plats
  • Tills vidare
  • Heltid
  • Fast månads- vecko- eller timlön
  • Publicerat: 1 mars 2024
  • Ansök senast: 2 april 2024

Liknande jobb


Senior QA Manager, Xspray Pharma

26 april 2024

PV/QA, Xspray Pharma, Solna

26 april 2024

PV/QA, Xspray Pharma, Solna

PV/QA, Xspray Pharma, Solna

26 april 2024