Kyrkjemusikar/organist i 82 procent - Vikariat

Arbetsbeskrivning

oknet har tre kyrkjer med fire kyrkjegardar; Solund, Husøy og Hersvik kyrkje, og eit kyrkjelydshus. Soknet dekkjer heile Solund kommune.

Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden, med gode transporttilbod til fastlandet, inkl. Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark fins kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, discgolfbane, klatreanlegg og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, aktive lag, kulturskule, merka turstiar m.v.

I Solund investerast det for framtida. I løpet av dei neste åra byggast det ny ungdomsskule,bru og utbygginga av breiband fortsetjast. På kommunen si side kan ein finne fleire ledige stillingar både i kommunen og den private marknaden https://www.solund.kommune.no/politikk-og-administrasjon/ledige-stillingar/.

Klikk her for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt:
https://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

På Solund sokn si side kan du lese meir om oss https://www.solund.kyrkja.no/.

(Stillinga kan kombinerast med utlyst klokkarstilling)

Stillinga inneheld:

diakoniarbeid
trusopplæring
piano-/orgelundervisning
Instrumenta:

Hovudkyrkja Solund kyrkje har eit Jørgensen-orgel frå 1929 på seks stemmer og eit Yamaha GC2 flygel frå 2013. Husøy kyrkje har eit G.C.Klop kisteorgel frå 1991 på 3 ½ stemme, samt eit piano frå ca år 2000 og i Hersvik kyrkje eit tilsvarande orgel frå 1995, samt eit Yamaha B1 piano frå 2021.

Hovudarbeidsoppgåver:

Spele ved gudstenester, kyrkjelege handlingar, gravferder og arrangement i kyrkjelyden
Ansvar for kyrkjelyden sitt musikalske arbeid, inkl. kor m.v.
Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar i samarbeid med presten og andre tilsette
Ansvar for kyrkja sine instrument
Andre oppgåver i diakoni, trusopplæring, pianoundervisning m.m. avhengig av kvalifikasjonar og behov
Kvalifikasjonar

Godkjend 4-årig utdanning som kyrkjemusikar er ynskjeleg, og evt. anna relevant musikkutdanning. Anna kompetanse kan vurderast
Beherske norsk munnleg og skriftleg
Må vere medlem av Den norske kyrkje, og leggje fram tilfredsstillande politiattest jmf. Trussamfunnslova §20, ved tilsetjing.
Føremonleg å ha sertifikat for og disponere bil
Personlege eigenskapar

Vi forventar at du har tankar om korleis ein kan utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i samarbeid med andre tilsette og kyrkjelyden
Har gode samarbeidsevner, sjølvstendig, tek initiativ, er strukturert og fleksibel
God evne til å kommunisere med barn og unge
Er glad i menneske, og har evne til å verte engasjert og engasjere andre
Vi tilbyr:

Det må påreknast arbeid på søn- og heilagdagar, og noko kveldar og laurdagar.
Engasjerte kollegaer og frivillige medarbeidarar
Triveleg arbeidsmiljø
Løn og arbeidstid etter KA si tariffavtale. Pensjonsordning i KLP
Arbeidsstad: Alle kyrkjene m.v. Hovudarbeidsstad er Solund kyrkje i kommunesenteret.
Søkjar må vere førebudd på prøvespeling i tilsetjingsprosessen.

For nærare informasjon om innhaldet i stillingane kan ein kontakte:

Sokneprest Bjørn Magne Hansen; 57786215, soknepresten@solund.kyrkja.no
Kyrkjeverje Mona Hjønnevåg, kyrkjeverja@solund.kyrkja.no. Tlf. 57786209
Arbeidsgjevar kan vere behjelpeleg ved behov for bustad
Søknadsfrist: Seinast 26. oktober 2022

Kopi av CV og relevante attestar sendast til Solund sokneråd:

kyrkjeverja@solund.kyrkja.no, eller

v/Kyrkjeverja, Hardbakke 26, 6924 Hardbakke.

Sammanfattning

  • Arbetsplats: Solund Sokn
  • 1 plats
  • 3 månader – upp till 6 månader
  • Deltid
  • Fast månads- vecko- eller timlön
  • Publicerat: 13 oktober 2022
  • Ansök senast: 26 oktober 2022

Liknande jobb


16 april 2024

VIKARIERANDE ORGANIST

VIKARIERANDE ORGANIST

4 mars 2024

Kyrkomusiker 100%

1 februari 2024