Operasjonssjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Lærdal sjukehus er eit lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen, ferjefritt samband med reisetid på hhv. 4,5 og 3 timar. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Vi har skule og barnehage i nærområdet og det er full barnehagedekning i kommunen. Les meir om Helse Førde HF, https://helse-forde.no/

Avdeling for akuttmedisin ved Lærdal sjukehus søkjer operasjonssjukepleiar i 100% fast stilling snarast. Vi gjer merksam på at det i tillegg til lønn etter overeinskomst vert gitt rekrutterings-/stabiliseringstillegg.

Arbeidsoppgåver
- Operasjonssjukepleie til operasjonar innan ortopedi med fokus på proteseoperasjonar
- Sterilsentraloppgåver
- For tida dagarbeidstid og fri kvar helg

Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Spesialutdanning innanfor operasjonssjukepleie vert kravd for spesialsjukepleiar
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Erfaring med ortopediske proteseoperasjonar er ein fordel

Utdanningsretning
- Sjukepleie videreutdanning

Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag

Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Vere ein god lagspelar
- Må kunne arbeide sjølvstendig
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team

Language
- Norsk

Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Rekrutterings-/stabiliseringstillegg på kr. 100.000 per år i 100 % stilling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Lite miljø med oversiktlege forhold
- Avtale om ambulerande virksomhet etter preferanse
- Sjukehuset kan legge til rette for leige av bustad etter behov. Oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sök jobbet här:
https://candidate.webcruiter.com/nn-no/Account/SpaLogin?ReturnUrl=%2Fcv%3Fadvertid%3D4421647704%26language%3Dnn%26link_source_id%3D17

Övrigt
Lærdal sjukehus er eit lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen, ferjefritt samband med reisetid på hhv. 4,5 og 3 timar. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Vi har skule og barnehage i nærområdet og det er full barnehagedekning i kommunen. Les meir om Helse Førde HF.

Sammanfattning

  • Arbetsplats: AAM Lærdal sjukehus, Helse Førde
  • 2 platser
  • Tills vidare
  • Heltid
  • Fast månads- vecko- eller timlön
  • Publicerat: 6 september 2021
  • Ansök senast: 30 september 2021

Liknande jobb

Operationssjuksköterska

23 augusti 2010

24 augusti 2010