Overlege innan augesjukdommar

Arbetsbeskrivning

Opthalmology section Ålesund hospital, Helse Møre og Romsdal HF, Norway, Ålesund

Vil du bli med på laget og skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?

Seksjon for Auge er ein av sju seksjonar innan kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag fem overlegar, tre LIS og ein ortoptist. Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med cirka 128 000 innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.

For å sikre eit robust og godt fagmiljø ønsker vi å styrke teamet vårt med fleire overlegar.

Er dette noko for deg, send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver:
- 6-delt vaktordning
- Ta del i poliklinikk og operasjonsstove
- Halde undervisning for kollegaer og sjukepleiegruppa
- Supervisjon av LIS

Kvalifikasjonar:
- Spesialistgodkjenning innen oftalmologi/augesjukdommar
- Mestre skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg
- Ved mangel på kvalifiserte kandidatar, kan stillinga, midlertidig, bli omgjort til LIS-stilling, men søkar må inneha minst 1 år erfaring innan oftalmologi

Personlege eigenskapar:
- Gode evner til samarbeid
- Positiv innstilling
- Stort engasjement for pasient og oftalmologi
- Fleksibel
- Like å undervise
- Kirurgisk kompetanse
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Veldig godt arbeidsmiljø, med svært engasjerte og positive kollegaer
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Om arbeidsgiveren:
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet.Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Sammanfattning

  • Arbetsplats: Helse Møre og Romsdal HF
  • 1 plats
  • Tills vidare
  • Heltid
  • Fast månads- vecko- eller timlön
  • Publicerat: 20 januari 2022
  • Ansök senast: 6 februari 2022

Liknande jobb


Specialistläkare

Specialistläkare

26 april 2024

Specialistläkare till Akutmottagning i Helsingborg

Specialistläkare till Akutmottagning i Helsingborg

24 april 2024

MAL till avd. M77, Psykiatri Sydväst

MAL till avd. M77, Psykiatri Sydväst

24 april 2024

24 april 2024